lørdag 24. april 2010

Eit berlinerord om dagen


HEI! Velkommen til denna bloggen som handlar om kunst og Berlin. Eg heiter Ingerid, er 27 år og har fått lov å bu i Hardangerlokk sin kunstnarbustad i Berlin for ei stund. Vanligvis held eg til i Finnmark, og kjem opprinnelig frå Odda.

Under opphaldet i Berlin skal eg laga noko kvar dag med utgangspunkt i eit ord eg har fått. Ordene har kome via vennar, bekjente, Underskog, kvardagsbloggen. Alle orda er noko folk tenkjer på i samband med Berlin.

Kvar dag trekk eg eit ord ut av skåla og lagar KUNST. Det blir kanskje film, foto, matlaging, teikning, sang, installasjon, kle...

Prosjektet skulle i utgangspunktet gå frå 16.april til 1.juni men på grunn av askefest blei det frå den 22.april i staden. Første innlegg kjem i dag pga store uoverkommelige tekniske problem tidlegare.

Eg tek imot ord fortløpande. Kom med ord så gir eg deg kunst.

Alt ellers som skjer med ein forvirra harding/vadsøværing på tur i storbyen kan du høra om hos Gudlabadne, min vanlige blogg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar