mandag 3. mai 2010

Knutepisk-germanisme, 3.mai

1. Syklar skal nicht stå i gangen forbi postkassene inntil veggen og ikkje vera i vegen for noen i tjue minutt mens innehavaren et ei brødskiva. Dei skal berast ut i bakgården gjennom den trange vanskelige døra sommå låsast oppmed nøkkel og berast ut att når du treng den. Basta.

2. Dersom du har feilbregna kor lenge du har grønn mann er det ditt problem. Når vi har fått grønt kjører vi alles uansett kor du befinn deg i vegbanen. Vi tutar gjerne for å understreka kor mykje rett vi har til det.

3. Ein reddik skal vera i bunten sin. Verstanden? Når du kjem i kassa med ein halv bunt reddik har du jo øydelagt bunten, du øydelegger heile systemet vårt, du fortjener kjeft og må betala for heile bunten uten at du får tilbod om å få med deg resten.





"Knutepisk-germanisme" stammar frå ein avhandling Bakunin skreiv der han "filleristet Marx" og i tittelen, som ordgivaren kun hadde på fransk, var det som på norsk blir "knutepisk-germanisme"
(L’Empire knouto-germanique et la révolution sociale). Som eg forsto handla det om alt det Bakunin hadde å utsetja på marx og tyskarane generelt.

Ordet kom via Underskog.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar